Om RockCamp

Back to Top

Hugin MusikkforumRockCamp i Årdal!

HISTORIENS FYRSTE ROCKCAMP BLIR ARRANGERT 23. JUNI TIL 25. JUNI I ÅRDAL!

Hugin Musikkforum er arrangør av RockCamp, og målet er at ungdom mellom 13 og 20 år skal få

individuell opplæring på sitt instrument, samt læra om samspel, studio- og sceneteknikk m.m.!

RockCamp blir arrangert på Svalheim i Øvre Årdal der Hugin har øvingslokaler.

Campingplassen der ein skal overnatte er næraste nabo, så alt ligg difor til rette for ei kjekk helg med speling og sosiale aktivitetar ved campen.

I tillegg til mykje speling, blir det kjekke aktivitetar som bading i utandørsanlegget i Årdal og ”Farmen-leikar” ved Svalheim Gard.

Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!

Vi kan love proffe instruktørar som har spelt med store nasjonale artistar.

Pris for helga er kr. 1.900,- pr. deltakar.

Dette inkluderar opplæring, mat og overnatting. Denne helga handlar om speling og gode opplevingar, så alle deltakarar må overnatte på campingen. Det gjeld også musikarar frå Årdal. Komplett informasjon vert sendt til alle påmelde.

 

Program

Back to Top

Detaljert program kjem snart

19:00 - 23:00
Fredag

Kl. 19.00 er det opning av RockCamp. Denne dagen blir det m.a. sosiale aktivitetar og omvisning i Hugin. Avsluttar kvelden med felles kveldsmat.

08:00 - 22:00
Laurdag

Laurdagen blir full av musikalske og sosiale aktivitetar. Det blir alt frå samspel i band til bading i utandørsbasseng og ”Farmen-leikar”. Det kjem til å skje mykje denne dagen!

08:00 - 20:00
Søndag

Søndag er det meir øving i band. Dette er det den store konsertdagen, og helga vert avslutta med konsert på rockescena Bakeriet i Øvre Årdal. Der får elevane prøva seg på ei flott scene med stort lyd- og lysanlegg. Vi håpar óg på eit stort publikum med både foreldre og andre.

Instruktører

Back to Top
Keyboard
Bjørn Tore Årøy

Har spelt med mellom anna Tone Damli, Olav Stedje og Toto Tribute

Bassgitar
Odd Inge Rand

Frilans i over 20 år og har spelt med mellom anna Marion Ravn, Tone Damli og Jack Stillwater

RockCamp GENERAL
Øyvind Aga

Har spelt trommer i alt frå lokale coverband til artistar som «Verdsmannen Thorbjørnsen», Tone Damli og Olav Stedje

Vokal
Odd Einar Nordheim

Soloartist med to innspelingar, samt vinnar av ”Sikter mot stjernene” og deltakar på ”The Voice”.

Vokalist i nasjonale hyllestar til Prince og Leonard Cohen.

Gitar
Inge Ronny Kvaale

Underviser i musikk, komponerer for m.a. NRK og har spelt med t.d. Tone Damli og Olav Stedje

Trommer
Alf Magne Hillestad

Profesjonell trommeslagar som har spelt med mellom anna «Eva & The Heartmaker» og «Staut»

 

Påmelding

Back to Top

RockCamp